søndag 22. mars 2015

Bryllupsreise: San Francisco

San Francisco - mykje bakkar, trehus og høghus

No kjem det siste innlegget på denne bloggen - nemleg innlegget om bryllupsreisa vår!

Vi hadde jo ønska oss pengar og reisegavekort til å dra på bryllupsreise i jula, og det fekk vi jaggu også gjere! Turen gjekk til San Francisco, der vi budde i leiligheita til ei venninne av Sigrid. I ni dagar hadde vi mykje sol, litt regn og ein del vind, for i San Fran bløs det ganske mykje. Vi gjekk over Golden Gate Bridge,  gjekk mykje rundt i byen, opplevde eit historisk augeblikk på eit beatmuseum, spiste meksikansk mat, såg elefantselar og var på amerikansk fotballkamp. Veldig fine dagar i ein veldig fin by!

Vi tenker at vi let dette innlegget være det siste på denne bloggen, no har vi vært på bryllupsreise, kveitebrødsdagane er over og i mai flytter vi inn i ny leilighet vi har kjøpt saman her i Tromsø. No starter resten av livet, det gler vi oss til.

Tusen takk til alle som bidro til bryllupet vårt på ulike vis! Vi er utruleg takksamme!  Og reisekassa er faktisk ikkje tom, så vi planlegg å dra på ein langtur til om ikkje så altfor lenge. Det er fint å få sett verda!


Sigrid framfor Golden Gate Bridge

Sigbjørn framfor Golden Gate Bridge

Her budde vi!

På kamp med San Francisco 49ers mot Arizona Cardinals - heimelaget vann!

onsdag 3. desember 2014

Lørdag: Vielse og fest

Og her kjem nokre bilder frå den store dagen, med førebuingar, vielse og fest. Bilder frå det som blei årets finaste dag for oss. Tusen takk til alle som kom, frå fjern og nær, og feira kjærleiken saman med oss, takk for alle gavar, klemmar, gode ord, smakfulle kaker, tusen takk til alle som hjalp til den siste tida og satte inn eit ekstra gir for at vi skulle klare å arrangere eit bryllup for 120 gjestar. Takk for at de ville stå ute i regnet medan vi gifta oss, takk for at de var med oss og fylte dansegolvet ei heil natt i september. Det var heilt fantastisk og vi er så takknemlege at ord strekk nesten ikkje til. Sjåast i gullbryllupfeiringa! Tusen takk - hollu giitu!

(Alle foto: Heidi Furre)