søndag 7. september 2014

Foto og film!

For å forevige dagen vår, har vi hyra inn to gode vener til å sikre at vi har minne for evig tid, gjennom bilde og film. Dersom ein av desse to skulle komme opp og stikke eit kamera i fjeset på deg, kan du altså berre slappe av: Vi har nemleg bedd dei om å gjere det. Så da er det berre å smile pent. Og dei er skikkeleg flinke og artige, begge to!
Filmfotografen vår, Max Mackhé
Max kjem ifrå Jämtland i Sverige, og har akkurat flytta til Skånland for å jobbe med eit dokumentarfilmprosjekt frå dei markasamiske bygdene. Han er ein energisk og livleg fyr, og i tillegg til å drive med film, er han også artist.

Fotografen vår, Heidi Furre
Heidi kjem ifrå Stord og bur i Oslo, der ho jobbar som fotograf og forfattar. Ho er ei god venninne av Sigrid frå tida dei budde i Paris, og tar heilt utruleg fine bilde. Sjølv om Heidi skal fotografere masse, skal vi óg sørge for at ho får tid til eit stykke Kvæfjordkake eller to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar