onsdag 28. mai 2014

Gaveønske#2: Ting og tang


Her er eit lite utsnitt av leilegheita vi bur i for tida i Tromsø. På kjøkkenet finst både ting som nyttast til matlaging og som berre er der for å ha noko fint å sjå på, og nokre av tingane kan vere begge delar.

Eit eksempel på nettopp det, er dette raude salt&pepperkvern-settet frå Le Creuset som flytta inn her forrige veke etter eit tilbod eg berre ikkje kunne seie nei til. Og det passa jo bra, for da blei det med eitt litt finare på kjøkkenet og vi får salt på maten, så her slo vi to fluer i ein smekk!

Dette får meg inn på temaet "gaveønske". I ein tidlegare bloggpost har vi skrive at vi mest av alt ønskar oss reisegavekort, og det er det fleire grunnar til, men ein av dei viktigaste er altså at vi har litt lita plass i leilegheita til ting og tang. Rett og slett.

Men! Ein del ting til kjøkkenet er vi einige om at det kan vere fint å ha. Dessutan er eg (Sigrid) veldig glad i mat, noko han eg skal gifte meg med (Sigbjørn) titt og ofte får nyte godt av, og når ein lagar mat, er det bra å ha gode reiskap som kan vare i mange år så vi slipp å bli med på ein valdsam forbrukskarusell.

Derfor har vi laga ei bryllupsønskeliste på Kitch'n (den finn de ved å trykke på denne linken eller besøke din lokale Kitch'n-butikk). Her kjem vi til å legge til ting vi ønskar oss, som til dømes jerngryte, kokkeknivar, kaffetraktar, så her er det berre å halde seg oppdatert!

Vi ønsker oss også bestikk frå Skaugum, i fargen Nature Kebony. Det får ein mellom anna kjøpt hos Husfliden.

Om ein kjem langvegsifrå, har ein kanskje lyst til å reise lett og ikkje ha altfor mange jerngryter i bagasjen, og da kan det vere ein god idé med eit gavekort. Vi ønskar oss gavekort frå følgjande butikkar:
Kitch'n
Ting

Tilbords

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar