![]() |
| På historisk grunn! |
I invitasjonane vi sendte ut i mars/april, står det at vielsen vår skal vere i Trondenes Tingrett. Slik blir det ikkje, og det er eigentleg veldig fint. Korfor? For da får vi heller gifte oss på den absolutt finaste plassen i Harstad, nemleg på Laugen ved Trondenes!
![]() |
| Her er vegen gjestane skal gå på |
| Og her er scena vi skal stå på og bli gift!!! |
| Og her skal gjestane sitje og juble når vi blir gift!!! |
Laugen er eit vatn langs ein liten skogveg, og her har eg henta litt informasjon rett frå informasjonsnettstaden Wikipedia:
"Laugen er en innsjø som ble til for ca. 4000 år siden. Innsjøen er ca. 300 m lang og 8 m på det dypeste. Pollenanalyse viser at det var dyrket korn i området på denne tiden.
Sagaen sier at det var her den første kristne dåp fant sted i 999 av biskop Jon Sigurd.
Laugen og området rundt er idag landskapsvernområdet, hvor det blant annet er registrert ca. 40 hekkende fuglearter. Det er et lite areal, men vegetasjonsmessig har den stor variasjon. Ca 174 av alle registrerte arter er kulturindikatorer.
Ved laugen ligger også tyskerbrakker som etter krigen og frem til 1951 ble benyttet som hjem for noen av de som var evakuert fra Finnmark.
Her er det også etablert friluftsscene, hvor det tidligere ble oppført historiske spill."
Vielsen blir altså utandørs. I september. Det er sjølvsagt ein risk å ta, spesielt med omsyn til vêr og vind, men heldigvis finst det jo ikkje berre dårleg vêr, berre dårlege klede. Så det kan vere greitt å halde seg oppdatert på seinaste vêrmelding før avreise mot Harstad og Skånland, og pakke støvlar og regnjakke om meldinga ser heilt grå og våt ut.
Men vi kryssar sjølvsagt alt vi har for at hausten viser seg frå si beste side, og speler på lag berre akkurat den dagen. Så no håpar eg de berre kryssar saman med oss. Magisk og fint blir det uansett!
Så litt praktisk info:
- Tidspunkt for vielsen: 13.00
- Det er ein borgeleg vielse, og det kjem derfor til å vere ein sorenskriver som viar oss. Borgelege vielser er ikkje så veldig lange, og er ofte over på berre nokre minutt. Vi har derfor spurt fleire vener om å opptre med kulturelle innslag, slik at det blir ein litt lengre seremoni.
- Om ein kjem kjørande, er det lettast å parkere ved Trondenes Kirke.
- Om ein vil ta buss, går det ein buss frå rutebilstasjonen i Harstad sentrum klokka 12.15 som er framme ved Trondenes Kirke klokka 12.25. Vi anbefalar at de tar den! Berre be bussjåføren stoppe ved Trondenes Kirke.
- I alle tilfelle er det lurt å vere tidleg ute! Det er over 120 gjestar som skal fram til vielsen, så det er lurt å vere litt tidleg ute.
- Det er sitjeplassar ved Laugen, i eit bygd amfi, så ein treng ikkje ha med seg campingstol eller liknande.
- Og så seier eg det ein gong til: Sjekk vêrmeldinga! Blir det regn, er det kjekt å ha klede som passar vêret. Sjølv brura kjem i støvlar om det er regn.
![]() |
| Det kan kome til å regne, slik det gjorde da brura besøkte Laugen på joggetur i august. |



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar